Frøbibliotek

No er frøbiblioteket vårt opent! Frøbiblioteket er eit tilbod til alle som har lyst til å prøve og dyrke noko sjølve, og som vil lære meir om korleis vi sår, dyrkar og haustar. 

Frøbibliotek

Du kan låne frø på biblioteket, og til hausten kan du hauste frø og levere tilbake til oss. Får du ikkje til å sanke frø så går det heilt fint! Det er ikkje eit krav for å låne, og du kan også levere tilbake andre typer frø enn den sorten du lånte. Vi har kjøpt inn ei "startpakke" du kan låne frå, og tek gjerne imot frø du har liggande heime frå og med i dag. Legg frøa i eit kaffefilter eller ein frøpose, skriv på kva slags frø posen inneheld og levér på biblioteket.

Slik låner du:

  • Velg frø fra kartoteket 
  • Kvitter ut for frøa i utlånslista med dato, frøtype og din signatur 
  • Om du låner fleire typar frø, kvitterer du ut for kvar pose

 

Lykke til med såing, dyrking og hausting!

 

 

 

 

 

Plakat med informasjon til frøbiblioteket